Pågåande forsøk
Våre pågåande fôringsforsøk  har særleg fokus på tarmhelse og vekst. Fôring med forsøksfôr startar kort tid etter at laksen blir levert hos oss. Laksen blir delt inn i grupper og fôra med ulike typar forsøks- og kontrollfôr heilt fram til slakting. I løpet av forsøksperioden blir det teke ut prøvar av laksen for å vurdere tarmhelse og vekst.
Fermentert solsikkemjøl

Enkelte planteprotein har vist seg å vere tungtfordøyelege og skaper helseutfordringar for fisken. Fermentering gjer planteprotein lettare å fordøye for fisken. Vi undersøker for tida om fermentert solsikkemjøl kan vere ei god proteinkjelde for laks. 


Insektmjøl

Produksjon av innsektslarver er aukande i Noreg og Europa. Larver har ofte eit høgt protein- og fettinnhald, og næringsinnhaldet varierer avhengig av art og kva føde larvane får. Innsektslarver er ei potensiell sirkulær proteinkjelde, då den blant anna kan beite på slam frå lakseproduksjon. Vi gjennomfører no  forsøk der vi ser på om mjøl frå svarte soldatflugelarver er ei god proteinkjelde for laks. 

NorForsk AS
Støavegen 98
5640 Eikelandsosen, Norway
Linkedin
NorForsk er ein del av Eide
Visit Eide
Org. nr.: 996 997 979
©NorForsk 2021