Fermentering kan på fleire måtar gjere planteråvarerbetre eigna som fôringrediens. Det har dei siste åra blitt sett i gang forsking på langtidseffektane ved bruk av slike råvarer.
Soya er eit mykje brukt planteprotein i kommersielle fôr til laks. I desse forsøka såg me på effekten av fermentert soya,samanlikna med ubehandla soya og kontrollfôr. Dette blei gjort for å undersøkje om fermentering som prinsipp kan fungere, før utprøving av andre planteråvarer.
Raps er ei meir aktuell, kortreist råvare og blei fyrst undersøkt i småskalaforsøk på laboratorium for å kartleggje kor godt fermentert raps let seg fordøye. Vidare vart fermentert raps kombinert med fermentert tarmemjøl. Bakgrunnen for å inkludera taremjøl er at rapsen potensielt kunne hemma opptaket av jod. Tare kan være tungt fordøyelig, men fermenteringsprosessen skal gjere denne råvaren meir tilgjengeleg for fisken